onsdag 9. november 2011

Novembertreet av Åse-Marie Nesse

NOVEMBERTREET

Sjå treet i november
ribba for alt
berre røter og sanning

og verjelause greiner
lik utstrekte hender
utydelege i frostrøyk

ei skrift på usynlege vegger
fragment av eit urspråk
heilag, bodskapeleg

å, vi må lære å stave
tyde desse gåtefulle teikn
i lyset av vårt liv
før det mørknar

Fra Vinterhuset av Åse Marie Nesse

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar